Små perleforma detaljar kjenneteiknar Knopp-serien i 925 sølv. 

Dei små knoppformene er anten runde eller flate og kan minne om former i naturen slik som knoppvekst eller glitrande regndråper.

Smykka frå Spor er laga på Voss og designa av Anne Lise Tollefsen. For deg som vil ha norsk design og kvalitet.

Sølv er eit levande materiale og for å halda smykket blankt og fint over tid, er det viktig med riktig pleie.

Oppbevar det i lukka pose slik at du bremser oksideringsprosessen. Om det treng grundigare pleie, ta kontakt så skal me sørga for at det blir like fint som nytt!